Hopp til innhold
X
Innhald

Concord

Concord, by og hovudstad i delstaten New Hampshire i USA. Han har om lag 42 300 innbyggjarar og ligg ved Merrimack River nordvest for Boston. Byen vart grunnlagd i 1727. Granittproduksjon og grafisk industri er viktige næringar i Concord.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.01.2012
Sist oppdatert: 27.01.2012