Hopp til innhold
X
Innhald

Córdoba i Argentina

Córdoba, by og hovudstad i provinsen med same namn i Argentina. Han har om lag 1,6 millionar innbyggjarar med forstader og er den nest største byen i landet.
 
Córdoba ligg ved randen av pampasen og er eit viktig handels- og kommunikasjonssentrum som òg har ei internasjonal lufthamn. Byen er dessutan viktig som industriby, og han har mellom anna bilproduksjon og kjemisk industri. Mange viktige byggverk frå kolonitida står framleis.
 
 Córdoba vart grunnlagd i 1573 og har hatt universitet sidan 1613.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2012
Sist oppdatert: 24.01.2012