Hopp til innhold
X
Innhald

Cuenca

Cuenca eller Santa Ana de Cuenca, by i det sørlege Ecuador. Han har om lag 290 000 innbyggjarar og ligg på 2596 moh. Byen er eit økonomisk sentrum for den sørlege delen av landet. Handel med jordbruksprodukt og tekstilindustri er viktig. Det blir mellom anna produsert panamahattar i byen. Turisme er også ei viktig næring. Fleire bygningar frå kolonitida står framleis, og det er dessutan to universitet i byen. Cuenca vart grunnlagd i 1557.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2012
Sist oppdatert: 24.01.2012