Hopp til innhold
X
Innhald

Cuernavaca

Cuernavaca,  by og hovudstad i delstaten Morelos i Mexico. Han ligg 1540 moh. og 60 km sør for Mexico by. Byen har om lag 342 000 innbyggjarar, eller om lag 756 000 med forstader.
Det gode klimaet og den vakre plasseringa gjer byen populær blant velståande meksikanarar. Cuernavaca er eit jordbruks- og industrisentrum, og dyrking av blomster er ei viktig næring. Det ligg også eit universitet i byen. Han vart truleg grunnlagd på 1100-talet, og Hernán Cortéz erobra han kring 1521.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.01.2012
Sist oppdatert: 27.01.2012