Hopp til innhold
X
Innhald

Cusco

Cusco, eller Cuzco, by i Peru, på 3360 moh. Han har om lag 342 000 innbyggjarar, der dei fleste av dei er indianarar. Byen er eit kommunikasjonssentrum og ein handelsby der tekstil- og lærindustri er viktige næringar. Cusco har dessutan eit universitet som vart grunnlagt i 1672.
Byen var hovudstaden i Inkariket, og han vart erobra av Pizarro i 1533. I 1650 vart han øydelagd av jordskjelv og bygd opp att i barokkstil. Likevel finst det framleis mange praktfulle ruinar og minne frå inkaene si tid.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.01.2012
Sist oppdatert: 27.01.2012