Hopp til innhold
X
Innhald

Dallas

Dallas, by i det nordaustlege Texas i USA.
Dallas har om lag 1,2 millionar innbyggjarar, men dannar saman med Fort Worth eit storbyområde med om lag 5,2 millionar innbyggjarar.
 
Handels- og industribyen Dallas utgjer eit viktig knutepunkt for både jernbaner og flytrafikk. Ein finn oljeraffineri i byen og dessutan ein bomullsbørs. Fly- og rakettfabrikkar ligg det også i Dallas. Vidare har han ei rekkje universitet og eit rikt kulturliv. Det var elles i Dallas at president John F. Kennedy vart myrda 22. november 1963.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.01.2012
Sist oppdatert: 23.11.2012