Hopp til innhold
X
Innhald

Dayton

Dayton, by i delstaten Ohio i USA, nord for Cincinnati. Han har om lag 1 million innbyggjarar med forstadene. Dayton er heimbyen til Orville og Wilbur Wright, som i 1903 gjennomførte den første kontrollerte flyturen i verda. I dag ligg den største flybasen i USA i Dayton, forutan eit militært flyforskingslaboratorium. Byen har mykje industri og har hatt universitet sidan 1850. Fredsavtalen for det tidlegare Jugoslavia vart inngått her 21. november 1995.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.01.2012
Sist oppdatert: 27.01.2012