Hopp til innhold

Decorah

Decorah, by i delstaten Iowa i USA med om lag 8500 innbyggjarar. Han er eit sentrum for norsk kultur med sete for mellom anna Luther College og foreininga Symra. Byen har også eit norsk-amerikansk museum.

I tillegg var byen utgjevingsstad for Decorah-Posten, den største avisa som har vore utgjeven på norsk i USA. Denne avisa var grunnlagd av norske nybyggjarar i 1849.

Decorah-Posten, 25.5.1917. Kjelde: Norsk Utvandrermuseum. Med løyve for Allkunne.
Decorah-Posten, 25.5.1917. Kjelde: Norsk Utvandrermuseum. Med løyve for Allkunne. 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 11.12.2018