Hopp til innhold
X
Innhald

Denver

Denver, by og hovudstad i delstaten Colorado i USA, på 1610 moh. Han har om lag 563 000 innbyggjarar, eller om lag 2,8 millionar medrekna forstader. Maskin-, våpen- og næringsmiddelindustri er viktige næringar. Byen er elles ein kjend feriestad. Denver vart grunnlagd som gruveby i 1858 og har hatt universitet sidan 1864.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012