Hopp til innhold
X
Innhald

Detroit

Detroit, by i delstaten Michigan i USA, ved elva med same namn. Han har om lag 915 000 innbyggjarar, eller om lag 6,1 millionar med forstader. Byen er ein av dei største industribyane i USA og eit viktig jernbane-, veg- og flytrafikk-knutepunkt. I tillegg er han det største bilindustrisentrumet i verda, med basar for mellom andre Ford, General Motors (GM) og DaimlerChrysler. Dessutan har han fly- og våpenindustri, elektroteknisk industri, aluminiumsindustri og kjemisk industri.
 
Detroit har òg fleire universitet, ein teknisk høgskule og ein musikkhøgskule. Byen vart grunnlagd av franskmannen Antoine de Cadillac i 1701.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012