Hopp til innhold
X
Innhald

Disneyland

Disneyland, moropark i Anaheim, søraust for Los Angeles i USA. Han opna i 1955 og omfattar, til liks med Walt Disney World ved Orlando i Florida, framstillingar frå teikneserieproduksjonen til Disney, historia til Amerika, science fiction osb. Den sistnemnde parken opna elles i 1971.
 
 Tilsvarande anlegg er Tokyo Disney frå 1983 og Disneyland Paris i Marne-la-Vallée like ved Paris, frå 1992.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012