Hopp til innhold
X
Innhald

Edmonton

Edmonton, by og hovudstad i provinsen Alberta i Canada. Han har om lag 982 000 innbyggjarar med forstader. Byen er eit samferdselsknutepunkt og sentrum i eit oljedistrikt. Edmonton har mellom anna fleire oljeraffineri, ein petrokjemisk industri og mange slakteri og meieri. I nærleiken er det store førekomstar av kol, olje og naturgass. Edmonton har vore by sidan 1892, og har i dag fleire universitet og høgskular.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012