Hopp til innhold
X
Innhald

El Paso

El Paso, by i delstaten Texas i USA, ved grenseelva Rio Grande. Han har om lag 594 000 innbyggjarar, eller om lag 750 000 med forstader. Byen har eit stort innslag av meksikanarar og dannar saman med Ciudad Juárez i Mexico eit storbyområde med om lag 2,1 millionar innbyggjarar.
 
El Paso er eit samferdselsknutepunkt med smelteverk, fleire oljeraffineri og næringsmiddelindustri. Han har også stor turisme og mykje handel med Mexico.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012