Hopp til innhold
X
Innhald

Fairbanks

Fairbanks, by i delstaten Alaska i USA med om lag 34 000 innbyggjarar. Han er hovudforsyningssenteret for oljeverksemda i Alaska og også eit sentrum for gullutvinning. Byen er endepunkt for Alaska-jernbana og Alaska Highway, og han har eit universitet. Fairbanks vart grunnlagd som gullgravarby i 1902.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012