Hopp til innhold
X
Innhald

Florianópolis

Florianópolis er hovudstad i delstaten Santa Catarina i Brasil. Byen har om lag 421 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 1 million. Florianópolis er hamneby og viktig for eksport av kaffi og sukker. Frå 2000-talet har byen hatt dataindustri. Byen har fleire offentlege og private universitet. Han heitte Desterri i perioden 1700–1893.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013