Hopp til innhold
X
Innhald

Fort Lauderdale

Fort Lauderdale, by i delstaten Florida i USA med om lag 162 000 innbyggjarar. Han er sentrum i eit bymessig busett område med om lag 1,8 millionar innbyggjarar.
Vidare er han ein kjend badeby og turiststad, og har vorte kalla USA sitt Venezia på grunn av dei mange kanalane. Fiske og båtsport er elles viktig for byen.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012