Hopp til innhold
X
Innhald

Fort Worth

Fort Worth, by i delstaten Texas i USA med om lag 570 000 innbyggjarar. Han er ein del av storbyområdet rundt Dallas, som har om lag 5,5 millionar innbyggjarar.
 
Byen er sentrum for eit rikt oljedistrikt som òg har flyfabrikkar, stålindustri og kjemisk industri i tillegg til mykje korn- og kveghandel. Vidare er Fort Wort eit samferdselsknutepunkt som har både universitet, botanisk hage og mange parkar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012