Hopp til innhold
X
Innhald

Fortaleza

Fortaleza, by og hovudstad i delstaten Ceará i det nordaustlege Brasil. Han har om lag 3,1 millionar innbyggjarar med forstader. Utskiping av sukker, kaffi, bomull og huder er viktige næringar i tillegg til tekstil- og næringsmiddelindustri. Byen har også universitet. Fortaleza vart grunnlagd som festning i 1609.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012