Hopp til innhold
X
Innhald

Fresno

Fresno, by i delstaten California i USA med om lag 927 000 innbyggjarar med forstader. Han er sentrum i eit stort kunstvatna vin- og fruktdyrkingsområde. Det vert også produsert rosiner og hermetikk i byen, i tillegg til at det finst ein flyindustri der. Fresno har dessutan universitet. Byen vart grunnlagd i 1872.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012