Hopp til innhold
X
Innhald

Gary

Gary, by i delstaten Indiana i USA, ved Michigansjøen. Han har om lag 100 000 innbyggjarar og har hatt ein kraftig nedgang i folketalet sidan 1980-åra.
Byen er sentrum for ein av dei største stålindustriane i verda, US Steel Corporation. Sementindustri og kjemisk industri er også viktige næringar. Gary vart grunnlagd i 1906.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012