Hopp til innhold
X
Innhald

Guadalajara

Guadalajara, den nest største byen i Mexico og hovudstad i delstaten Jalisco. Han ligg på 1545 moh. og har om lag 1,7 millionar innbyggjarar, eller om lag 3,9 millionar medrekna storbyområdet.
 
Byen er eit handelssentrum og har ein allsidig industri med mellom anna framstilling av indianske leireprodukt. Turisme er også ei viktig næring. Guadalajara har elles tre universitet som vart grunnlagde av spaniarane i 1531 og ein katedral frå 1618.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012