Hopp til innhold
X
Innhald

Guanajuato

Guanajuato, by og hovudstad i delstaten med same namn i Mexico. Han har om lag 79 000 innbyggjarar og ligg på 2050 moh. Byen er sentrum i eit jordbruks- og gruvedistrikt, og han er dessutan verna som eit av dei fremste døma på spansk koloniarkitektur. Guanajuato har også eit universitet som vart grunnlagt i 1554.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012