Hopp til innhold

 Guantánamo. Foto: U.S. Army, flickr.com CC BY 2.0
Guantánamo. Foto: U.S. Army, flickr.com CC BY 2.0
X
Innhald

Guantánamo

Guantánamo er ein by søraust på Cuba. Han har om lag 250 000 innbyggjarar.
Sør for Guantánamo by ligg Guantánamo Bay, der USA har ein marinebase. Basen vart grunnlagd i 1903 etter ein leigeavtale, men dei noverande cubanske styresmaktene krev at basen vert avvikla.
Etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001 har basen vore brukt til fangeleir for «ulovleg stridande». Dei fleste av fangane vart tekne til fange i samband med den USA-leia invasjonen av Afghanistan, og dei er mistenkte for å ha samband med Al-Qaida eller Taliban. Styremaktene i USA reknar dei ikkje som krigsfangar etter Genève-konvensjonen. Manglande rettsleg oppfølging og rapportar om mishandling og tortur av fangane gjer at basen er svært omstridd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013