Hopp til innhold
X
Innhald

Guatemala by

Guatemala by, spansk Ciudad de Guatemala, by og hovudstad i Guatemala. Han har om lag 1 million innbyggjarar, eller om lag 2,5 millionar dersom ein tek med storbyområdet.
 
Guatemala by er den største byen i Mellom-Amerika, og han ligg på eit platå på 1500 moh. Han er eit sentrum for industri, handel og finans, og har hatt universitet sidan 1776. Det ligg også ein norsk ambassade i byen. Den opphavlege busetnaden var grunnlagd av mayaene. Guatemala by opplevde store jordskjelvskadar i 1917, 1918 og 1976.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012