Innhald
Guayaquil
Guayaquil, hamneby og største byen i Ecuador. Han har om lag 2 millionar innbyggjarar, eller om lag 2,6 millionar med forstader. Det er ei stor importhamn i byen, og banan- og kakaoeksport er dessutan viktige næringar. Vidare har han ein allsidig industri og tre universitet. Guayaquil vart grunnlagd i 1536.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012