Hopp til innhold
X
Innhald

Halifax

Halifax, by og hovudstad i provinsen Nova Scotia i Canada. Han har om lag 352 000 innbyggjarar medrekna forstader. I Halifax ligg den viktigaste atlanterhavshamna i Canada, som er isfri heile året og ei viktig fiskehamn.
 
Oljeraffineri og fiskeforedling er viktige næringar. Byen har dessutan fleire universitet og ein internasjonal flyplass. Halifax vart grunnlagd som eit engelsk fort i 1749.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012