Hopp til innhold
X
Innhald

Hampton Roads

Hampton Roads, utførselsområde for kol i USA. Hampton Roads er ein stor, open elvemunning i Chesapeake Bay på austkysten som omfattar hamnebyane Hampton, Newport News, Norfolk, Portsmouth og Chesapeake. Det ligg også fleire flåtestasjonar i området. Det var her nordstatane sitt panserskip «Monitor» sigra over sørstatane sitt «Merrimac» i 1862.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012