Hopp til innhold
X
Innhald

Harrisburg

Harrisburg, by og hovudstad i delstaten Pennsylvania i USA. Med forstader har han om lag 652 000 innbyggjarar. Jern-, stål- og maskinindustri er viktige næringar i tillegg til handel. Byen husar også fleire universitet og høgskular. Han vart grunnlagd i 1785. Søraust for byen ligg kjernekraftverket Three Mile Island, der det i 1979 skjedde ein alvorleg lekkasje av radioaktiv gass.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012