Hopp til innhold
X
Innhald

Hartford

Hartford, by og hovudstad i delstaten Connecticut i USA. Han har om lag 125 000 innbyggjarar, eller om lag 1,2 millionar med forstader. Mange forsikringsselskap held til i byen, og elles er maskinindustri ei viktig næring. Byen har dessutan universitet. Hartford vart grunnlagd som eit nederlandsk fort i 1633.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012