Hopp til innhold
X
Innhald

Havana

Havana, spansk La Habana, by og hovudstad på Cuba.

Havana har om lag 2,4 millionar innbyggjarar og er det industrielle, kulturelle og politiske sentrumet i landet. Det skjer mykje handel i byen, og han har ei god hamn.

Havana er ein vakker by med kyrkjer og slott i spansk stil. Byen har mellom anna eit universitet frå 1721, eit nasjonalmuseum, ein botanisk hage og ein norsk ambassade. Han vart grunnlagd som San Cristóbal de la Habana i 1515.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 06.10.2017