Hopp til innhold
X
Innhald

Helena

Helena, by og hovudstad i delstaten Montana i USA. Han har om lag 27 000 innbyggjarar og vart grunnlagd under gullrushet i 1864. Sidan 1889 har han vore delstatshovudstad. Byen er sentrum i eit ranch- og gruveområde. Opphavleg hadde området gull- og sølvgruver, men seinare har det i staden vorte etablert gruver for kopar og sink. Helena opplever elles ein aukande turisme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012