Hopp til innhold
  Hollywood. Foto: Floyd B. Bariscale, flickr.com, CCBY
Hollywood. Foto: Floyd B. Bariscale, flickr.com, CCBY
X
Innhald

Hollywood

Hollywood er ein forstad til Los Angeles i delstaten California. Sidan 1912 har byen vore hovudsenter for filmproduksjon, seinare også TV-produksjon.
Hollywood er ein forstad til Los Angeles i delstaten California. Sidan 1912 har byen vore hovudsenter for filmproduksjon, seinare også TV-produksjon. Dei største filmprodusentane slo seg ned i Hollywood dels på grunn av stabilt klima og variert landskap for uteopptak og dels for å unngå dei strenge patentføresegnene for filmteknikk på austkysten av USA.
 
Hollywood heldt si leiande stilling til 1950-åra da filmstjerner, regissørar og andre sjølv begynte å produsere film. Dei store selskapa, for eksempel Paramount, er i dag meir distribusjons- og marknadsorganisasjonar, ofte eigde av multinasjonale mediekonsern. Hollywood har likevel halde på si romantiserte stilling som filmhovudstad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 15.04.2013