Hopp til innhold
X
Innhald

Honolulu

Honolulu, by og hovudstad i delstaten Hawaii i USA. Han har om lag 387 000 innbyggjarar, eller om lag 911 000 om ein reknar med forstadene.
 
Byen ligg på sørkysten av øya Oahu og har ei god hamn i tillegg til flåtebasen i Pearl Harbor. Honolulu er eit samferdselsknutepunkt med internasjonal lufthamn og mykje turisme. Badestranda Waikiki Beach ligg ved byen.
 
Av viktige næringar finn ein mellom anna konserves- og sukkerindustri. Honolulu har to universitet og fleire høgskular.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012