Hopp til innhold
 Shell-raffineriet i Houston. Foto: Roger Wollstadt, flickr.com CC BY
Shell-raffineriet i Houston. Foto: Roger Wollstadt, flickr.com CC BY
X
Innhald

Houston

Houston er den største byen i delstaten Texas i USA. Han er den fjerde største byen i USA med om lag 2,1 millionar innbyggjarar, i heile storbyområdet bur det om lag 4,9 millionar menneske. Byen har ei stor hamn ved Houston Ship Channel. Hamna er 81 km lang og 11 m djup.
Houston er «oljehovudstaden» i USA, og byen har fleire oljeraffineri og petrokjemisk industri i tillegg til helseindustri. NASA har romfartssentrumet sitt i Houston. Byen opplevde krise i olje- og romfartsindustrien på 1980-talet som følgje av låge oljeprisar og ulykka med romferja Challenger i 1986.
Houston er sete for energiselskapet ENRON, som i 2001 stod for den tredje største konkursen i USA. Byen har fleire universitet og eit symfoniorkester. Han er messeby og har norsk sjømannskyrkje. Houston vart grunnlagd i 1836.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 26.03.2013