Hopp til innhold
X
Innhald

Huehuetenango

Huehuetenango, by i Guatemala med om lag 61 000 innbyggjarar. Han ligg på 1890 moh. og er eit handelssenter og ein marknadsplass for mayaindianarane i området. Gruvedrift er også ei viktig næring. Byen er bispesete, og området rundt han husar elles fleire mayaruinar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012