Hopp til innhold
X
Innhald

Ibarra

Ibarra, by i det nordlege Ecuador, på omtrent 2200 moh. Han har om lag 113 000 innbyggjarar og er eit handelssentrum for jordbruksprodukt. Byen har eit stort sukkerraffineri og er kjend for kunsthandverket sitt.
 
Ibarra ligg ved Den panamerikanske hovudvegen og har jernbanesamband til Quito. Byen, som elles vart grunnlagd i 1606, har dessutan katolsk bispesete.

Først publisert: 13.01.2012
Sist oppdatert: 13.01.2012