Hopp til innhold
 Indianapolis. Foto: bnpositive. flickr.com CC BY
Indianapolis. Foto: bnpositive. flickr.com CC BY
X
Innhald

Indianapolis

Indianapolis er hovudstad i delstaten Indiana, USA. Byen har om lag 1,6 millionar innbyggjarar medrekna alle forstader. Han ligg ved White River og er eit viktig industri- og jernbanesentrum. Byen har verksemder for produksjon av fly, bilar og legemiddel, og det finst fleire møller og slakteri.
Indianapolis har ei rekkje universitet, blant anna Butler University, oppretta i 1850, og Indiana University – Purdue University Indianapolis, oppretta i 1969. Byen vart grunnlagd i 1821.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013