Hopp til innhold
X
Innhald

Jacksonville

Jacksonville, hamneby i delstaten Florida i USA. Han har om lag 1,1 millionar innbyggjarar medrekna forstadene. Byen er eit handelssentrum, og viktige næringar er eksport av frukt og grønsaker, tre- og metallindustri og turisme. Jacksonville, som i dag har to universitet, vart grunnlagd i 1822, og er oppkalla etter president Andrew Jackson.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012