Hopp til innhold
X
Innhald

Jefferson City

Jefferson City, by og hovudstad i delstaten Missouri i USA. Han har om lag 39 000 innbyggjarar og vart grunnlagd i 1825. Byen er oppkalla etter Thomas Jefferson, den tredje presidenten og den første utanriksministeren i USA.
Jefferson City er sentrum i eit jordbruksområde, men har òg næringsmiddelindustri og noko annan lett industri. Det ligg dessutan eit universitet i byen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012