Hopp til innhold

João Pessoa. Foto: Luciano Joaquim, flickr.com CC BY
João Pessoa. Foto: Luciano Joaquim, flickr.com CC BY
X
Innhald

João Pessoa

João Pessoa er ein hamneby og hovudstad i delstaten Paraíba i det nordaustlege Brasil. Byen har om lag 1,1 millionar innbyggjarar medrekna alle forstader. Frå João Pessoa vert det eksportert bomull og sukker, og i tillegg har byen sementindustri. Byen har fleire offentlege universitet. João Pessoa vart grunnlagd i 1585.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013