Hopp til innhold
X
Innhald

Kansas City

Kansas City, tvillingby i USA, på begge sider av staden der Kansaselva renn ut i elva Missouri. Kansas City i delstaten Kansas har om lag 147 000 innbyggjarar, og har møller, kjøt-, maskin- og stålindustri. Kansas City i delstaten Missouri har om lag 447 000 innbyggjarar og er eit handelssentrum med mellom anna universitet og kunstsamlingar. Med forstader har tvillingbyen til saman om lag 1,9 millionar innbyggjarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012