Hopp til innhold
 Statue over musikaren Bob Marley i Kingston. Foto: avda-foto, flickr.com CC BY
Statue over musikaren Bob Marley i Kingston. Foto: avda-foto, flickr.com CC BY
X
Innhald

Kingston

Kingston er hovudstad på Jamaica. Byen har om lag 650 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 940 000. Kingston ligg på sørkysten av Jamaica og har ei god hamn i tillegg til internasjonal flyplass. Byen har forbruksvareindustri og oljeraffineri og dessutan verksemder innanfor turisme. Kingston har fleire universitet. Byen var grunnlagd i 1692, og han har vore hovudstad frå 1872.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013