Hopp til innhold
X
Innhald

Kitchener

Kitchener er ein by i provinsen Ontario i Canada. Byen ligg nordvest for Hamilton og har om lag 477 000 innbyggjarar medrekna alle forstader. Byen har næringsmiddelindustri og fleire bryggjeri og garveri. Han vart grunnlagd av tyske innvandrarar og heitte Berlin frå 1854 til 1916. Kitchener har ein høgskule, og i tillegg har University of Waterloo ein filial med farmasiutdanning på universitetsnivå.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013