Hopp til innhold
 Mann i La Paz. Foto: Danielle Pereira, flickr.com CC BY
Mann i La Paz. Foto: Danielle Pereira, flickr.com CC BY
X
Innhald

La Paz

La Paz, offisielt namn Nuestra Señora de La Paz, er ein by i Bolivia. Byen ligg 3690 meter over havet og har om lag 877 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 2,3 millionar. Mesteparten av innbyggjarane er indianarar.
Regjeringa og parlamentet held til i La Paz, men den offisielle hovudstaden i landet er Sucre. La Paz har tekstil-, metall- og lêrindustri, og byen er handels- og kultursentrum. Byen har fleire universitet og internasjonal flyplass. Verdas høgastliggjande skisportsstad, Monte Chacaltaya, som ligg 5500 meter over havet, ligg 30 km utanfor La Paz. La Paz vart grunnlagd i 1548, og namnet tyder «freden».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013