Hopp til innhold
X
Innhald

Lima

Lima, by og hovudstad i Peru, ved stillehavskysten. Han har om lag 8,4 millionar innbyggjarar og er den største byen i landet.
Lima er ein vakker storby og eit dominerande handels- og industrisentrum, men har vidstrekte slumkvarter i utkanten. Den internasjonale flyplassen ligg nord for hamnebyen Callao. Byen har ei domkyrkje som vart byrja på i 1535, men ikkje rekna som ferdig før i 1625, og ei rekkje universitet, der det eldste av dei er frå 1551.
Byen vart grunnlagd av Pizarro i 1535, og var hovudstad i det spanske imperiet i Sør-Amerika fram til 1800-talet.
Presidentpalasset i Lima. Foto: Christian Haugen, CC BY 2.0
Presidentpalasset i Lima. Foto: Christian Haugen, CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 08.08.2013