Hopp til innhold
X
Innhald

Little Rock

Little Rock, by og hovudstad i delstaten Arkansas i USA. Han har om lag 185 000 innbyggjarar, eller om lag 565 000 med forstader. Byen er eit handelssentrum og har mykje aluminiumsindustri.
 
I 1957 vart det sendt føderale troppar til byen for å slå ned raseopptøyar i samband med eit vedtak i høgsteretten om å oppheve raseskiljet i skulane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012