Hopp til innhold
X
Innhald

Los Angeles

Los Angeles, by i delstaten California i USA. Han har om lag 3,9 millionar innbyggjarar og utgjer saman med Riverside og Orange County det nest største byområdet i USA, med om lag 17,4 millionar innbyggjarar.
 
Byen omfattar mellom anna bydelane Hollywood, Beverly Hills og Culver City, og han har den nest største hamna i USA. Dessutan er han det økonomiske sentrumet i det sørlege California.
 
I Los Angeles finn ein store fly- og bilindustriar, elektronisk industri, mange finansinstitusjonar, filmindustri og mykje turisme. I tillegg kjem fleire oljeraffineri og petrokjemiske anlegg. Byen har tre universitet og mellom anna ei norsk sjømannskyrkje. Han er vidstrekt og sterkt prega av privatbilismen.
 
Los Angeles vart grunnlagd av spaniarane i 1781, og USA erobra han frå Mexico i 1847. Byen arrangerte sommar-OL i 1932 og 1984. Eit stort jordskjelv i januar 1994 førte til omfattande øydeleggingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012