Hopp til innhold
X
Innhald

Louisville

Louisville, største by i delstaten Kentucky i USA. Han har om lag 1,1 millionar innbyggjarar med forstader. Byen er eit handels- og industrisentrum med ein stor tobakksindustri og ein av dei største tobakksmarknadene i verda. Fleire whiskybrenneri finst òg i byen.
 
Louisville har hatt universitet sidan 1798, og er elles kalla opp etter Ludvig XVI av Frankrike.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012