Hopp til innhold
X
Innhald

Managua

Managua, by og hovudstad i Nicaragua, ved den 1010 km² store Managuasjøen. Han har om lag 1,4 millionar innbyggjarar med forstader. Byen er eit handelssentrum med mykje bomullsindustri og kjemisk industri. Elles har han mellom anna eit universitet og ein norsk ambassade.
Managua vart ramma av store jordskjelv i 1931 og 1972, og i det siste miste meir enn 10 000 menneske livet. Han var ein stor indiansk by då han vart erobra av spaniarane på 1600-talet. Hovudstad i Nicaragua har han vore sidan 1857.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012