Hopp til innhold
X
Innhald

Manizales

Manizales er ein by i Colombia. Han ligg nordvest for hovudstaden Santa Fé de Bogotá og har om lag 420 000 innbyggjarar. Byen er handelssentrum i eit kaffidistrikt, og han er eit samferdselsknutepunkt. Manizales er eit viktig utdanningssentrum. Byen vart grunnlagd i 1848.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013